Etter ein spesiell vår og sommar kunne vi endeleg ha gleden av å invitere til eit nytt arrangement torsdag 1.oktober på Thon Hotel Fosnavåg.

Vi hadde besøk av Rita Sævik frå Ervik og Sævik. Ho presenterte dei spennande utbyggingsplanane på Mjølstadneset. Eit stort og spennande prosjekt som det var veldig interssant å høyre om.

I tillegg hadde vi besøk av Anders Almestad frå Fosnavåg Shipping klubb. Han presenterte ein spennande presentasjon om Fosnavåg, om utviklinga av Fosnavåg og det store potensiale som ligg i byen.

Vi avslutta med nydelig burger i resturanten på Thon Hotel Fosnavåg! 🙂

Det var veldig kjekt at det var så godt oppmøte denne gongen. 🙂

Takk for ein super kveld og vi gler oss til neste samling!